|
Kort biografi for nedlasting (pdf) KNUT VAAGE, Biografi Knut Vaage (1961) er busett i Bergen kor han livnærer seg som komponist. Han har utdanning i klaver og komposisjon frå Griegakademiet i Bergen. Frå Norges Musikkhøgskole har han fått realkompetanse som lektor i komposisjon. Vaage har vore aktiv innafor fleire stilartar, men med hovudvekt på improvisasjons- og samtidsmusikk. Han har i fleire prosjekt utforska grensene mellom improvisasjon og komposisjon. Musikken hans er ofte framført på konsertar og festivalar i inn- og utland. INSTRUMENTALMUSIKK "Movements" for stor sinfonietta er eit av fleire verk som er tinga av BIT 20 Ensemble. I "Movements" blir ein klassisk formtanke sett opp mot vår tids estetikk. I "Transit", tinga av det franske kulturdepartementet, oppstår møtet mellom Vaage sin vestnorske tradisjon og fransk raffinement. Stykket vart urframført av Ensemble Court-Circuit på Ultima 1998. I "Hexa", laga til Ter Jung sekstett, vektlegg Vaage ulike symmetriske teksturar og formasjonar, men gjennom stilistiske brot, oppstår ei ubalansert form. "Continue" vart utarbeidd under Stavanger symfoniorkester sin komponistverkstad. Stykket vart framført av orkesteret hausten ´94, og av Bergen filharmoniske orkester året etter. Sistnemnde sto også for urframføringa av "Chaconne" for fløyte, harpe og orkester 2000, "Hokkaidos dagar" for piano og orkester og "Tjat" for orkester. Av verk for blåsarar kan nemnast "Graffiti" for brass band og "Breaking another Wall" for wind ensemble. For "Graffiti" mottok han Edvardprisen for 2003. Mykje av Vaages kammermusikk og det meste av pianomusikken er utgitt på CD. OPERA & MUSIKKTEATER Operaen "Nokon kjem til å komme" tar utgangspunkt i Jon Fosse sitt skodespel med samme namn. Den vart urframført på Ultima hausten 2000 av Opera Vest og oppnådde gode internasjonale kritikkar. Verket er utgitt på CD. Ein ny opera basert på eventyret Veslefrikk med libretto av Torgeir Rebolledo Pedersen, er no ferdig komponert, og ventar på framføring av Den Nye Opera og Den Norske Opera i lag. Vaages samarbeid med forfattarar har resultert i fleire stykke, m.a: "Ei skapingssoge" basert på dikt av Erling Indreeide, "Tapt slag" med tekst av Hanne Bramness, "Endelig" til seks dikt av Ove Røsbak, og songsyklusen "Eg strøyer mine songar ut" over dikt av bestefaren, Ragnvald Vaage - denne siste utgitt på CD. IMPROVISASJON Med trioen JKL var Vaage tidleg ute med å utforska fri improvisasjon i grenselandet til komposisjon. Spenninga mellom akkustiske instrument og elektronikk var stilsetjande. JKL har utgitt ein CD. Arbeidet med improvisasjon er tatt vidare i bandet Fat Battery. PEDAGOGISK MUSIKK Formidling av samtidsmusikk i eit breiare forum har vore ein del av Vaage sin aktivitet. Han har deltatt i rikskonsertprosjekta "PreSens" og "Bryt Lydmuren" som er retta mot barn og unge, medan multimediakonserten "Tid som renn - tid som flyt" inkluderer lokale kor og orkester. "ArcoLogi" for strykeorkester er laga for unge utøvarar. Norsk Musikkorpsforbund og Torstein Aagaard-Nilsen tok initiativet til Frisk pust for at unge blåsarar kan møta vår tids komponistar. Til dette prosjektet skreiv han Lydfabrikken for skolekorps. STYREVERV Vaage har vore styremedlem i Norsk Komponistforeining. Han har også vore leiar i Ny Musikk avd. Bergen, for Autunnale-festivalen og no for konsertserien Avgarde i same by. |